Om

Jonas Alaska med Johanne Flottorp
Sundag 9. august 2026
Bakgården, kl. 18:00
335,- inkl. bill.avg.

I mars sleppte Jonas Alaska si første plate med norske tekstar, til strålande mottaking frå både meldarar og publikum. Jonas Alaska er ein av sin generasjons sterkaste låtskrivarar her til lands, og står bak kjende låtar som «October», «If Only as a Ghost», «In The Backseat» og «Morning Light». Han var trippel Spellemann-nominert for sitt debutalbum, og har sidan den gong sleppt fem album som alle har fått strålande mottaking, både i Noreg og utanfor landegrensene.

Alaska har ein særeigen evne til å setje ord på det nære og gjenkjennelege, og kombinert med ein meloditeft utanom det vanlege leverer han låtar av høg kvalitet. Ein konsert med Jonas Alaska er også alltid krydra med humoristisk historieforteljing, og er noko alle burde unne seg.
For konserten under Telemarkfestivalen har Jonas Alaska invitert med seg barndomsvenninne og hardingfelespelar Johanne Flottorp. I lag vil dei framføre nokre utvalde låtar i lag. Alt ligg med andre ord til rette for ei nydeleg avslutning på Telemarkfestivalen 2026!  

Medverkande:
Jonas Alaska – vokal, gitar, piano 
Johanne Flottorp – hardingfele 

Velkomen!