
Bufjordstigen på Dalen
Sjarmerande tur langs Telemarkskanalen, forbi historiske Dalen Hotel og vakre Soria Moria sauna, gjennom "jungel" ved elvedeltaet på Buøy.
Om
LETT TUR med kultur, historie og fiske.
Turen startar ved Lastein (Dalen) Bryggje, (legge stein i la). Her var utskipingsplass for den kjende brynesteinen frå Eidsborg, Noregs eldste eksportartikkel. Her legg båtene på Telemarkskanalen til. Historia om livet på Telemarkskanalen kan du sjå på Dalen Bryggjeustilling og på Lastein bryggjekafé kan du nyte eit godt måltid.
Frå bryggja passerar du ei fin badestrand og går vidare over Eidsborgbekken. Turen går no forbi Tangane, eit viktig friluftsområde med idyllisk furuskog. Her får du innsyn til Dalen Hotel frå hagen.
Soria Moria sauna blenkjer som eit smykke i Bandak.
Tokkeåi kryssar du via ein ”hoppeterskel” i stein. Ved høg vannstand må ein rekne med å gå vegen i staden.
På Buøy fylgjer du natursti gjennom ein fascinerande "jungel" der ein fleire stader kjem ned til elva med fine fiskeplassar og ei rikhaldig beverstamme. Fiskekort for Tokkeåi og Bandak får du kjøpt på fishspot.no
Idylliske Buøy Camping er ein flott stad å campe for natta.
Turen går attende gjennom Dalen sentrum, med ei intim handlegate, blomstertorg, butikkar, kafétilbod og Tokke kommunehus med skulpturar av Anne Grimdalen og Charles Michalsen og kommunestyresal kledt i brynestein.
Turen er delvis universelt utforma.
Turfakta:
Tilgang: april til oktober
Høgste punkt: Dalen 75 moh
Skotøy: valfritt
Sted
Praktisk informasjon
- Vandring
Arrangementer i nærheten

Konsert: Evigvarande folketonar
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Pray4Snow
Vesletjønnvegen 50, 3853 Vrådal

Champagnesmaking med Belmonte
Rjukanvegen 195, 3864 Rauland, 3864 Rauland

Kurs i diagramteikning
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Konsert med Open String Department
Rjukanvegen 195, 3864 Rauland, 3864 Rauland

Quiz på Austbø Hotell!
Rjukanvegen 195, 3864 Rauland

Halloween i Åmdals Verk gruver
Åmdalsvegen 42a, 3882 Åmdals Verk

Kurs i diagramteikning
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Slapp av på Fossumsanden – yoga- og velværehelg for kvinner
Fyresdalsvegen 541, 3870 Fyresdal

Jolemarknad på Åmdals Verk gruver
Åmdalsvegen 42A, 3882 Åmdals Verk

Jolemesse i Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Bedriftsjulebord
Rjukanvegen 195, 3864 Rauland, 3864 Rauland

Familiejulebord
Rjukanvegen 195, 3864 Rauland, 3864 Rauland

Julebord med E-76
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal
Julaften
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Nyttårsaften
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Frivilligsamling 2027
Vatnelianvegen 201, 3850 Kviteseid
Aktiviteter i nærheten

Dalen Bryggjekafé
Storvegen 2, 3880 Dalen

M/S Henrik Ibsen
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Telemarkskanalen Skipsselskap – M/S Henrik Ibsen
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Soria Moria Sauna
Markensvegen 20, 3880 Dalen

Lårdalstigen
Eidsborgvegen 361A, 3880 Dalen

Dalen Hotel
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Restaurant Bandak, Dalen Hotel
Hotellvegen, 3880 Dalen

I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg
3880 Dalen

Kano - og kajakkutleige på Dalen
Aasmund Nordgaards veg 6, 3880 Dalen

Visit Dalen - Dalen Turistkontor
Aasmund Nordgaards veg 1, 3880 Dalen

Fiske i Mosvatn og Bessevatn
Hotellvegen 16, 3880 Dalen

Eidsborg stavkyrkje
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Inngangsbillett - Vest-Telemark Museum med Eidsborg stavkirke
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo











































