
Soveboks i Fjågesund
Overnatting i soveboks for syklistar og padlarar som ferdast på Telemarkskanalen
Om
Velkomen til Fjågesund
Soveboksen er tilgjengeleg for booking i frå 13. april og ut kanalsesongen.
Soveboksen i Fjågesund er eit overnattingstilbod for syklistar og padlarar langs Telemarkskanalen. Soveboksen har plass til 4 personar, køysenger med madrass. Her er ein enkel kjøkkenbenk for matlaging, samt stolar og bord. Det er også toalett tilgjengeleg. Det er straumuttak inne i soveboksen til lading av telefon m.m. Det er ikkje tilgang på drikkevatn, så det må ein ha med. Ta også med sovepose til å ligge i.
Overnatting i soveboksen kostar kr. 150 per person per natt. Når du bookar soveboksen, er det din private booking i tidsrommet du har booka.
Opphaldet du bookar gjeld for ei natt av gangen. Soveboksen er tilgjengeleg frå kl. 15.00 ankomstdagen til kl. 12.00 neste dag. Om du ynskjer å booke fleire netter er dette sjølvsagt mogleg å gjere i bookingkalenderen. Opphaldet ditt refunderast ved avbestilling 7 dagar før ankomst.
Nøkkelen finn de i kodeboks ved døra. Koden får du når du har booka. Nøkkelen er ditt ansvar å passe på medan du brukar soveboksen. Ved avreise, lås soveboksen og legg nøkkel tilbake i kodeboksen og lukk den.
Bruk møblar og utstyr, men heng det tilbake på veggen innan de reiser vidare.
Etterlat pakkbua i den stand de sjølve ynskjer å finne den! Rydd, og hugs å ta med søpla di.
Vi håpar de får eit fint opphald!
Arkitektur
Det er Feste Landskap/Arkitektur som har teikna soveboksen, på oppdrag for Telmarkskanalen Regionalpark og i samarbeid med Kviteseid kommune. Les meir om prosjektet.
Telemarkshistorier – Friluftsliv på første klasse
Historia
Fjågesund ligg om lag midtvegs mellom Skien og Dalen på Telemarkskanalen. På begge sider av sundet er det bratte fjell med nær loddrette fjellsider.
Akkurat rundt sjølve sundet er landskapet venleg, og namnet Fjågesund betyr det venlege, blide sundet. Det har truleg vore busetnader i Fjågesund i minst 5000 år.
Det eldste oldtidsfunnet i bygda er datert til mellom 3500 f.Kr. og 2800 f.Kr. Også Fjågesund gard er særs gamal. Ut frå plasseringa til garden, storleiken og dateringa av andre gardar i heradet, har ein anslått at garden må ha blitt rydda ein gong i perioden 1 – 550 e.Kr. eller endå tidlegare.
Soveboks i Bandaksli
Det er ein tilsvarande soveboks i Bandaksli, den kan du også booke i kanalsesongen.
Soveboks i Fjågesund
Location
Facilities
Openings
14. apr. 2025 - 10. okt. 2025
mandag: Closed
tirsdag: Closed
onsdag: Closed
torsdag: Closed
fredag: Closed
lørdag: Closed
søndag: Closed
Public holiday: Closed
14. apr. 2026 - 10. okt. 2026
mandag: Closed
tirsdag: Closed
onsdag: Closed
torsdag: Closed
fredag: Closed
lørdag: Closed
søndag: Closed
Public holiday: Closed
Practical information
- Unike overnattingssteder
- Annen overnatting
Organizer
Fjågesund brygge, Hassvikvegen, 3850 Kviteseid
59.58188095567466, 8.535365846655854
Nearby events

Vikingdag med Osebergskipet Åsa!
Kviteseid bygdetun, Fjågesundvegen 12, 3850 Kviteseid

Vårmarknaden
Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord

Countryfestivalen i Seljord 22.-26. juli
Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord

Yoga - klassisk hatha
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal

Straand Bilfinale 2026 - The Car event of the year
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

17 mai feiring på Straand Hotel
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal

Straand Førerutvikling
Kviteseidvegen 1698, Fyresdal Flyplass / Straand Hotel, 3853 Vrådal
Julaften
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

St. Hans feiring på Sommerland
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Nyttårsaften
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Cars, Bikes & Coffee
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Julebord med E-76
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal
Nearby activities

Kilen Camping
Kilenvegen 585, 3840 Seljord

Telnessanden camping og friluftssenter
Telnes, Garvikstrondi, 3840 Seljord

Sundenuten klatrefelt
Kvennesvegen 120, 3836 Kviteseid

Vedfyrt sauna ved Seljordsvatnet
Fv156 1000, 3840 Seljord

Vrådal Hyttegrend
Granittvegen 29, Granittvegen 29, 3853 Vrådal

Vrådal Hyttegrend
Kviteseidvegen 1928, 3853 Vrådal

Kviteseid bygdetun
Fjågesundvegen 12, 3850 Kviteseid

Sjøormen Kro
Ingrid Slettens veg 20, 3840 Seljord

Topptur Venelifjell i Vrådal
Lønnegravsvegen 1, 3853 Vrådal

Fiske i Seljord
Brøløsvegen 28, 3840 Seljord

Bjørgefjell
Brøløsvegen 28, 3840 Seljord

Dyrskuplassen
Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord















