Om

Dette var ein utstilling med historiske fotografi frå Folkestadbyen i Fyresdal, som blei vist ved Fyresdal bygdemuseum i 2015.

Folkestadbyen vaks fram mellom 1875 og 1930-talet. I 1875 var det fire hus i området, med til saman 10 bebuarar. I 1910 var det 191.

Dette var ei tid med store endringar. Mange reiste frå gardane og søkte høve til lønsarbeid, t.d. i skogbruket.

Det blei handel, handverk og transport. Posten kom frå Bandakslid, rutebåten gjekk på Fyresvatnet. Folk busette der folkelivet var. Handelslag og andre foreiningar vart skipa.

Gamle stoger blei henta frå gardane og sett opp i "Byen". Mange av dei står ennå.

Utstillinga viste gamle fotografi frå livet i Folkestadbyen. I selve "byen" blei det sett opp skilt ved alle dei historiske husa. Desse er framleis på plass. Me anbefaler ei vandring i Skippergata og Lensmannsgata – eit levande utandørsmuseum!