
Olav sin draum – ei akustisk utstilling om Draumkvedet
I utstillinga kan ein høyre heile Draumkvedet i nye opptak gjort i Eidsborg stavkyrkje. Inne i eit eige lytterom kan ein oppleve eit heilt nytt verk, samt sjå Draumkvedet-kunst.
Om
Mellomalder-balladen Draumkvedet blei oppdaga og skrive opp i Vest-Telemark midt på 1800-talet. Songarane var for det meste eldre kvinner, busett i det som i dag er Vinje, Tokke, Kviteseid og Seljord kommunar. Det er difor naturleg at Vest-Telemark Museum syner ei permanent utstilling om kvadet, som del av folkekunstutstillinga ved museet i Eidsborg.
Ingen veit kor gamalt Draumkvedet eigentleg er, men dei fleste forskarar trur at den har oppstade i tida etter Svartedauden, sannsynleg i andre halvdel av 1300-talet eller på 1400-talet. Det finst ingen kjelder før oppdaginga på 1800-talet, og då hugsa songarane berre delar av det opphavlege kvadet. Difor er hovuddelen av vår utstilling akustisk – ei oppleving i lyd, akkurat slik Draumkvedet var gjennom mange hundre år.
I utstillinga kan ein høyre heile Draumkvedet (i versjon etter Maren Ramskeid frå Brunkeberg) sunge av Ellen Nordstoga og Halvor Håkanes, i nye opptak gjort i Eidsborg stavkyrkje. Inne i eit eige lytterom kan ein oppleve eit heilt nytt verk i fleirkanal 16.1 (surround) lyd, laga av den norsk-britiske komponisten Natasha Barrett.
Inne i lytterommet kan du sjå fotografi av 11 broderi laga av biletkunstnar Borgny Svalastog.
Og vil du sjå fleire bilete frå den dramatiske forteljinga om draumen til Olav Åsteson, kan du reise til Grimdalstunet i Skafså, der målaren Karl Erik Harr sin Draumkvede-serie frå 1990-talet er stilt ut.
Location
Facilities
Practical information
- Tekstside
Organizer
Museumsvegen 9, Høydalsmo, 3891 Høydalsmo
59.58188095567466, 8.535365846655854
Nearby events

Treskurd og smiing på husmannsplassen
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid, sylvarbeid og smiing
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid med hest, koking og ysting av ost
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Klypping av sau på gamlemåten
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Våronn med museumsbonden 2026
Museumsvegen 9, Eidsborg, 3891 Høydalsmo

Opningsarrangement på Vest-Telemark museum Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Bandvev i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Til minne om folkekunstlegenda Hølje Gonge - Med Knut Buen og Ragnar Haugstøl
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

«Akkurat her, akkurat no!» Ingebjørg Lognvik Reinholdt & Mattis Kleppen
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ull- og lindag og smiing på museet i Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og smiing av knivblad
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ringblomstsalve, gamle tonar og baking av potetlompe
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Nearby activities

Vest-Telemark museum Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Statkraft visingssenter
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Statkraft visingssenter
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Aktivitetsparken i Eidsborg
Vest-Telemark Museum Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Inngangsbillett - Vest-Telemark Museum med Eidsborg stavkirke
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Brynesteinsvandring
Vest-Telemark Museum Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Eidsborg stavkyrkje
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Brynesteinsbrotet
Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Lårdalstigen
Eidsborgvegen 361A, 3880 Dalen

Rui-plassen
3880 Dalen

Bufjordstigen på Dalen
Dalen Bryggje, 3880 Dalen

Dalen Gjestehavn
Storvegen 8, 3880 Dalen








