Om

Utgangspunktet for visingssenteret på museet i Eidsborg er ei utstilling om utbygginga av vassdraga i Vinje og Tokke som vart vist i høve 50-årsjubileet i 2006. Denne gigantiske kraftutbygginga tok på mange vis Vest-Telemark inn i den moderne velferdsutviklinga.

I museumsbygget til Vest-Telemark Museum i Eidsborg som opna 2012, er visingssenteret utvida med ein multimediapresentasjon der Statkraft presenterer si eiga verksemd, vasskrafta sine tekniske føresetnader og andre energikjelder som til dømes vindkraft. Kraftgiganten er i ferd med å verte større utanfor landets grenser enn i Noreg, og to andre slike visingssentre er difor plassert i Wales og i Laholm i Sør-Sverige.

Regionen Vest-Telemark er eit levande døme på korleis velstanden kom med kraftutbygginga. Visingssenteret inneheld fotografi, gjenstandar, mekaniske modellar, film og nettbasert informasjon kring vasskraft.

Les meir: Krafta som endra Vest-Telemark

Senteret er ope i museets opningstid. Inngangspris inngår i museumsbilletten, sjå Vest-Telemark Museum Eidsborg.