
Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum. Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit museum, med ei stor samling måleri etter Henrik Sørensen og Harald Kihle.
Om
I 1927 var kunstnaren Henrik Sørensen på leit etter ein fast arbeidsstad i Telemark. Ein kveld kom han med bussen frå Dalen til Vinjesvingen. Her trefte han Olav N. Negarden for fyrste gong og fekk losji på garden hans. Dette blei starten på ein livslang venskap. I 34 år vende Sørensen attende til Smørklepp og Noristog Negarden, der han etter kvart fekk innreidd eldhuset til atelier. Frå tunet på Negarden kunne Sørensen sjå yndlingsmotivet sitt, fjellet Ånundskarnuten.
Midt i dette «målarlandskapet» finn du i dag eit særprega galleri i naturstein med ei stor samling av måleria til Sørensen. Galleriet sto ferdig i 1991 og er teikna av den kjente arkitekten Bjart Mohr. Det var sonen til Henrik Sørensen, Sven Oluf Sørensen, som tok initiativ til etableringa av både dette galleriet og Holmsbu billedgalleri i Hurum.
Namnet til galleriet var Vinje biletgalleri inntil 2022 då det blei døpt om til Smørklepp kunstmuseum.
Harald Kihle har óg fått sin plass i Smørklepp kunstmuseum. Sørensen og Kihle både arbeidde og budde mykje ilag i Smørklepp.
Henrik Sørensen (1882 – 1962)
Henrik Sørensen var ein kunstmålar som veksla mellom lyriske kvinneskildringar, religiøse bilete og dystre ekspresjonistiske krigsmåleri. Men framfor alt er han kjend for dei stemningsfulle naturskildringane frå Telemark. Han var elev av Matisse i perioden 1908 til 1910.
Henrik Sørensen utførde ei lang rekke offentlege dekorasjonar: Ullevål sjukehus, Linköping Domkirke, folkeforbundets palass i Geneve og Oslo Rådhus.
Les meir om Henrik Sørensen her: Eit langvarig kjærleiksforhold
Harald Kihle (1905 – 1997)
Harald Kihle er ein kunstnar som har tydd mykje for øvre Telemark. Han har i sine skildringar av folkeliv og natur vist oss «Det løynde Telemark» og lært mange å setje pris på kunsten.
Han er mest kjend for å bruke hestar i bileta sine. I tillegg har han skildra mange kjende telemarkingar frå segn og soger så som Guro Heddelid, Myllarguten, Storegut og Torbjørg Ripilen.
Du kan møte både Sørensen og Kihle i Sverre Samuelsens film Blant kunstnere i Telemark (1960)
Sørensenhytta
Sommaren 2023 opna Sørensenhytta som ligg rett ved museumsbygget. Hytta er nyoppussa og inneheld utstillingar og eit rom med nokre av dei gamle møblene og gjenstandane som fulgte med då hytta blei flytta hit frå Kyddingsmo i 2004. Henrik Sørensen kjøpte hytta i 1951, då var den drengestoge på Mo prestegard. Etter soga skal Torbjørg Ripilen – som song Draumkvedet for Moltke Moe i 1890 – ha budd i denne stoga når ho oppheld seg på prestegarden.
Det er vandrerute frå Mjonøy opp til museet.
Frå parkering opp til museet er det 400 metere skogsveg med litt stigning. For bevegelseshemma er det mogleg å køyre opp med bil, men vegen er smal, steinete og ujamn.
Museet er diverre ikkje eigna for rullestolbrukarar.
Location
Facilities
Rabatter
- Barnerabatt
- Familierabatt
- Grupperabatt
Museum, gallerier og kunsthåndtverk
- Atelier
- Faste utstillinger
- Malerier
- Omvisning etter avtale
- Omvisning i åpningstiden
Openings
Sesong
25. juni 2026 - 15. aug. 2026
mandag: Closed
tirsdag: 11:00 - 17:00
onsdag: 11:00 - 17:00
torsdag: 11:00 - 17:00
fredag: 11:00 - 17:00
lørdag: 11:00 - 17:00
søndag: 11:00 - 17:00
Public holiday: Closed
Practical information
- Museum
- Kunst museum
Organizer
Smørklepp 92, 3893 Vinjesvingen
59.58188095567466, 8.535365846655854
Nearby events

Hundekjøring med Haukeli Husky
Arabygdvegen 800, 3864 Rauland

Haukelirennet 2026
Tyrvelivegen 81, Haukelifjell Skisenter, 3895 Edland

Opningsarrangement på Vest-Telemark museum Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Bandvev i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Til minne om folkekunstlegenda Hølje Gonge - Med Knut Buen og Ragnar Haugstøl
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

«Akkurat her, akkurat no!» Ingebjørg Lognvik Reinholdt & Mattis Kleppen
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ull- og lindag og smiing på museet i Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og smiing av knivblad
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ringblomstsalve, gamle tonar og baking av potetlompe
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og metallknipling i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Slåttedagar: Slått og hesjing på museet
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Treskurd og smiing på husmannsplassen
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Nearby activities

Henrik Sørensen i Smørklepp
Smørklepp 92, 3893 Vinjesvingen

Mjonøy - Smørklepp kunstmuseum
Mjonøy, 3890 Vinje

Vinjesenteret
Vinjevegen 1441, 3890 Vinje

Vinjestoga
Vinjevegen 1441, 3890 Vinje

Julekonsert med Aasmund og Åsmund

Haukeli Husky
Arabygdvegen 800, 3864 Rauland

Vinje
Vinjeveien 192, 3890 Vinje

Rauland i vinter-Telemark
3864 Rauland

Turistinformasjon i Rauland
3864 Rauland

Unik overnatting midt i naturen
Raulandsvegen 204, 3890 Vinje
Spegle Hyllandsfoss
Spegle, Raulandsvegen 204, 3890 Vinje


















