Om

I dag er Sigrunn Lie Brattekås og Eli Vesaas attende i husmannsstoga i Eidsborg. Dei vil vise publikum korleis dei vev bunadsband til Vest-Telemarkbunad.

Sigrunn Lie Brattekås har skrive flere bøker med handverk som tema, og har dei siste åra interessert seg særlig for plukkebanda i Telemark. Saman med Eli Vesaas har ho laga ei vevbok der du får opplæring i plukkeband på grind og bandstøre og ei innføring i historie og tradisjon kring desse banda. I dag kan du møte duoen bak boka.