Om

Ingvill Buen Garnås er formidlar ved senteret, og lærer villig vekk om artsrike slåtteenger, frodige styvingstre, bygningsarv og andre kulturminne i landskapet. Ho er også folkesongar og krydrar gjerne foredraga sine med song-  og forteljartradisjon som høyrer naturleg til i samanhengen. Både dei historiske og dei framtidsretta verdiane i det allsidige levande jordbrukslandskapet står sentralt i Kulturlandskapssenteret si formidling. Ingvill har lang fartstid som formidlar, og snakkar eit språk som når fram til både fagfolk og «folk flest». 

Vegen gjennom bygdene Hjartdal, Svartdal og Flatdal, har fått namnet Sogevegen (Landlore Lane). Det kjem seg av at området er over måte rikt på soger, det vil seia forteljingar om landskap og levde liv, natur og overtru. Bondeopprøret i 1540 og seinare alle folkeminnesamlarane og kunstnarane som kom til området, er også særeigne og spennande forteljingar frå denne delen av Telemark. Ved Kulturlandskapssenteret kan du få høyre litt om alt, eller velje sjølv kva du vil høyre mest om. Senteret trekker også ofte inn lokale krefter, som Olav Tho med all sin kunnskap om lauving og lokalhistorie generelt.

Besøksdelen til Kulturlandskapssenteret finn du like ved Hjartdal kyrkje, fordelt i lokala til Holm landhandel og Kulturlandskapsskulen 200 meter ovanfor (Rogrendvegen 13, 3690 Hjartdal). Landhandelen og Kulturlandskapsskulen har dei same opningstidene gjennom sommarsesongen (juni-august).

Inngangsbillett til utstillinga i Kulturlandskapsskulen er 50 kr per person, gratis for dei under 18 år. Billett kan handlast i kassa på landhandelen eller ved Vipps til 749661.

Heile året tek senteret også i mot grupper og skreddarsyr opplegg etter avtale. Eit besøk ved Kulturlandskapssenteret kan bestå av eit innleiande foredrag og ei omvising i gangavstand frå Holm landhandel/Kulturlandskapsskulen, eller det kan leggast opp som ei vandring eller utflukt til utvalde lokalitetar i nærleiken.

Prisen for eit opplegg med foredrag og/eller omvising er 200 kr per person, min. 10 personar/2000 kr.